Bykle kommune øver på ei tryggare framtid

I dag deltek Bykle kommune i den nasjonale beredskapsøvinga Noreg øver 2026. Øvinga er utvikla av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i samarbeid med statsforvaltarane, og skal styrkje kommunane si forståing av rolla og ansvaret dei har dersom landet blir råka av ei tryggingspolitisk krise eller krig.

Frå beredskapsøving i Bykle i dag. Vilde Skaaland Tøsse

I Bykle samlar politisk og administrativ leiing seg for å gå gjennom realistiske scenario som utfordrar kommunen si evne til å handtere alvorlege hendingar. Øvinga byggjer på eitt overordna scenario, regionale scenario og temascenario som skildrar korleis ei krise kan påverke lokalsamfunn og kommunale tenester. Scenarioa er fiktive og laga spesielt for øvingsføremål. Målet er å styrkje kommunen si evne til å ta raske og riktige avgjerder, sikre kritiske tenester og samarbeide godt med andre aktørar dersom ein alvorleg situasjon skulle oppstå. Tema som bortfall av straum og elektronisk kommunikasjon, informasjonsflyt og handtering av kritiske samfunnsfunksjonar er sentrale delar av øvingsopplegget.

Får testa planar

Bykle kommune har dei siste åra arbeidd systematisk med samfunnstryggleik og beredskap. Gjennom øvingar som Noreg øver får kommunen testa planar, roller og samhandling, samstundes som ein identifiserer område som kan forbetrast. Slik står kommunen betre rusta til å møte både små og store kriser. Øvinga i Bykle er ein del av Totalforsvarsåret 2026, der offentlege styresmakter, næringsliv, frivillige organisasjonar og andre aktørar samarbeider om å styrkje den samla beredskapen i Noreg.