Bykle kommune på jakt etter framtidige helsearbeidarar

Bykle kommune tek turen til Universitetet i Agder 23. og 24. november for å møte framtidige vernepleiarar og sjukepleiarar. Målet er å vise fram Bykle som ein attraktiv arbeidsplass og skape kontakt med studentar som snart skal ut i arbeidslivet.

Bykle kommune på plass under ei tidlegare utdanningsmesse på UIA. Bykle kommune

Måndag 23. november er kommunen på plass ved UiA i Grimstad, der det blir særleg fokus på vernepleiarstudentane. Tysdag 24. november går turen vidare til UiA Kristiansand, med hovudvekt på studentar som utdannar seg til sjukepleiarar. Delegasjonen frå Bykle skal møte studentane, fortelje om arbeidsmoglegheitene i kommunen og svare på spørsmål om korleis det er å arbeide og bu øvst i Setesdal.

Tevlingar

På standen blir det også litt aktivitet. Kommunen har laga to ulike konkurransar, ein retta mot vernepleiarane måndag og ein for sjukepleiarane tysdag. Det blir sjølvsagt premie til vinnaren. Bykle skal også vere godt synleg på karrieredagane. Med på turen er både roll-ups, flyers og Bykle-profilering i form av flasker, drops, T-skjorter og handlenett. Deltakinga på karrieredagane er ein del av arbeidet med å gjere Bykle kommune meir synleg overfor framtidige arbeidstakarar og vise studentane kva moglegheiter som finst i ein liten kommune.