Bykle med i nasjonal øving på atomberedskap
Bykle kommune deltek i dag i den nasjonale atomberedskapsøvinga saman med Statsforvaltaren, Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA), andre kommunar og fleire beredskapsaktørar. Målet er å styrkje evna til å handtere ei alvorleg atomhending og sikre rask, tydeleg og samordna informasjon til innbyggjarane.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 15.10.2026 11:54
Sist endra 15.10.2026 11:54
Frå beredskapsøvinga i Bykle kommune. Frå venstre: kommunalsjef Signe Sollien Haugå, ordførar Hans Blattmann, varaordførar Merethe Hjemdahl og beredskapskoordinator Vidar Johnsen.
Ole Birger Lien
Øvinga tek utgangspunkt i eit tenkt utslepp frå eit kjernekraftanlegg i utlandet, der radioaktiv forureining kan bli ført med luftstraumar mot Noreg. Deltakarane skal øve på korleis situasjonen kan påverke kommunen, kva tiltak som kan vere aktuelle, og korleis innbyggjarane skal få viktig informasjon dersom ei slik hending skulle oppstå. For Bykle kommune handlar øvinga om å teste planverk, samhandling og kommunikasjon.
Rolleforståing
Sjølv om risikoen for ei alvorleg atomhending er liten, er det viktig å vere godt førebudd. God beredskap handlar om å kjenne rollene sine, dele informasjon og kunne handle raskt dersom noko uventa skjer. Norsk atomberedskap er bygd opp rundt Kriseutvalet for atomberedskap, der DSA har ei sentral rolle. Kommunane er ein viktig del av denne beredskapen og skal ha oppdaterte planar for å kunne handtere atomhendingar lokalt.