Bykle og Valle med solid "Setesdalsfront" på karrieredagen i KristiansandLytt til tekstenStopp avspillingKarrieredagen ved universitetet i Agder er i god gang, og delegasjonane frå Bykle og Valle står side ved side i Vrimlehallen. Publisert av Ole Birger Lien Publisert 13.02.2024 12:50 Sist endra 13.02.2024 12:50 Standane frå Bykle og Valle side ved side på karrieredagen ved UIA.Studentar ved universitetet er alle potensielle arbeidstakarar, difor satsar kommunane hardt på å vere synlege i Kristiansand. Karrieredagen tok til klokka 10, og det har vore mykje aktivitet kring standane frå Setesdal.– Strålande produkt– Det er god interesse for kommunen øvst i Setesdal, og mange studentar har spørsmål. Svar skal dei få, for me vil så gjerne få fram alt det positive me har å by på. Gode rammevilkår, eit sers godt tenestetilbod og ikkje minst ein kommune i det vakraste av norsk natur. Me har eit strålande produkt å marknadsføre her i dag! meiner skulefagleg ansvarleg i Bykle kommune, Kjetil Vik.– Mange kjem innom, og det set me veldig pris på. Så får ein håpe at det me fortel gjer dei endå meir nyfikne på oss og mogelegheitane i Valle, seier leiar pleie- og omsorg i Valle kommune, Solveig Kyrvestad.Mange studentar i Vrimlehallen har spørsmål til kommunane frå øvst i Setesdal.