Bykle og Valle opprettar beredskapsråd

Som del av beredskapsarbeidet i kommunane Bykle og Valle skal det no etablerast eit såkalla beredskapsråd som ein sentral arena for samordning av samfunnstryggleik og beredskap. Rådet skal styrke samarbeidet både mellom kommunane men ikkje minst opp mot relevante aktørar elles i lokalsamfunnet. Saka vart drøfta under eit felles beredskapsmøte mellom dei to kommunane måndag i denne veka.

Frå beredskapsmøtet mellom Bykle og Valle denne veka. Frå venstre: Varaordførar i Bykle Merethe Hjemdahl, ordførar Hans Blattmann, beredskapskoordinator i Bykle kommune Vidar Johnsen og fungerande kommunalsjef samfunn Eivind Severinsen. Ole Birger Lien

Beredskapsrådet skal ha faste møtetider, der kommunane og utvalde aktørar samlar seg for å drøfte status, utfordringar og det meste som handlar om beredskap. Råde skal vere rådgjevande og koordinerande, men ikkje eit beslutningsorgan. 

Fleire oppgåver

Det interkommunale beredskapsrådet i Bykle og Valle skal mellom anna drive med forebyggjing og risikoanalyse, planlegging og samordning av planverk, støtte under kriser og ikkje minst læring og evaluering etter hendingar. I rådet skal, i tillegg til kommunane, representantar for alt frå politi til helse, Heimevernet og ei heil rekke andre aktørar delta. I utgangspunktet skal beredskapsrådet møtast 1-2 gonger i året - og arbeidet som blir gjort skal evaluerast årleg. Det første møtet i beredskapsrådet i Bykle og Valle blir gjennomført i løpet av hausten i år.

Her kan du lese meir om kva eit beredskapsråd er.