Kommunedirektør i Bykle, Karina Sloth, og kollegaen hennar i Valle, Vidar H. Homme, peikar begge på at samarbeid om beredskap gjer den enkelte kommune betre rusta den dagen det er behov for det.
Ole Birger Lien
For små kommunar er samarbeid med naboane særleg viktig. Kommunedirektør og beredskapsansvarleg Karina Sloth meiner kompaniskapen gjer Bykle meir robust.
– Samarbeid gjev styrke. Me er ein liten kommune, og då er det viktig å ha gode nabokommunar å spele på. Gjennom samarbeidet med Valle får me eit større fagmiljø, fleire ressursar og meir kompetanse å trekkje på dersom det oppstår ein krevjande situasjon, seier kommunedirektør Karina Sloth.
Kommunane har over tid arbeidd med å samordne beredskapen. I januar 2026 møttest dei felles kriseleiingane for å sjå nærare på mellom anna organisering, risiko- og sårbarheitsarbeid, helseberedskap, felles ressursbruk, kompetanseheving og øvingar. Det vart også drøfta korleis kommunane kan samarbeide om personell, materiell og krisekommunikasjon.
– Ei alvorleg hending stoppar ikkje ved kommunegrensa. Når noko skjer, kan det vere behov for både personell, utstyr, kunnskap og raske avgjerder. Då er det ein stor fordel at me kjenner kvarandre, har øvd saman og på førehand har avklart korleis me kan hjelpe kvarandre, seier Karina Sloth.
Felles beredskapsråd
Samarbeidet er også utvida gjennom eit felles beredskapsråd for Bykle og Valle. Rådet hadde oppstartsmøte 23. september 2026 og skal vere ein fast møteplass for samarbeid, koordinering og informasjonsdeling mellom kommunane og sentrale beredskapsaktørar. Målet er mellom anna å utvikle ei felles forståing av risiko og gjere aktørane betre kjende med kvarandre sine ressursar og kapasitetar. I rådet deltek aktørar frå mellom anna kraftforsyning, telekommunikasjon, politi, forsvar, brann og redning, helse, Sivilforsvaret, lokalt næringsliv og frivillig beredskap. Det er lagt opp til vidare arbeid med mellom anna felles øvingar, kontakt- og varslingslister, kriseinformasjon, kontinuitetsplanlegging og kritisk bemanning.
– Ingen kommune kan førebu seg på alt aleine. For Bykle handlar dette om å byggje eit sterkare fellesskap rundt beredskapen, både saman med Valle og med alle dei andre aktørane me er avhengige av når noko skjer, seier Karina Sloth.