Bykle-ordføraren vil ha formannskapet med seg på samling for utmarkskommunar

Nyvald styremedlem i Utmarkskommunenes Sammenslutning (USS), Bykle-ordførar Hans Blattmann, vil ha heile formannskapet i Bykle med seg på neste møte.

Bykle-ordførar Hans Blattmann vil ha formannskapet med seg på møte i USS. - Klikk for stort bileteBykle-ordførar Hans Blattmann vil ha formannskapet med seg på møte i USS. Ole Birger Lien

USS er ein “felles front” for utmarkskommunane i Noreg. I alt 100 kommunar er med i samanslutninga som vart stifta i mars 1996. Det er først og fremst som partnar og med bistand i spørsmål om bruk og vern av utmark, berekraftig forvaltning, næringsutvikling, rovvilt og motorferdsle at kommunane nyttar USS.

– Målet er god balanse

– Ein svært viktig arena for Bykle kommune både å delta på og å vere representert i. Me har ein kommune der mykje er bandlagt av vern, og der det er ei høg grad av satsing og næringsutvikling. Målet er å finne ein god balanse, der berekraft er eitt av nøkkelorda. Det arbeider me med både i Bykle kommune og inn i USS, og eg ynskjer å involvere formannskapet endå meir i dette arbeidet, seier Hans Blattmann.