Bykle satsar offensivt på framtida

Utvikling av Bykle og Hovden, nye næringsmoglegheiter, gode kommunale tenester og langsiktig forvaltning av kraftressursane står sentralt i økonomiplanen for 2027–2030. Kommunedirektør Karina Sloth meiner Bykle har eit godt utgangspunkt for å møte framtida med både ambisjonar og ansvar - eit utgangspunkt ho meiner ein ser att i framlegg til budsjett og økonomiplan.

Kommunedirektør i Bykle, Karina Sloth, meiner framlegg til budsjett og økonomiplan speglar framtidstrua i kommunen. Ole Birger Lien

Bykle kommune går inn i ein ny økonomiplanperiode med tydeleg framtidstru. Kommunen vil halde fram utviklinga av lokalsamfunna, næringslivet og dei kommunale tenestene.

– Bykle er ein kommune med mange moglegheiter. Vi har eit godt utgangspunkt, engasjerte innbyggjarar, eit aktivt nærings- og organisasjonsliv og ikkje minst dyktige medarbeidarar, seier kommunedirektør Karina Sloth.

Utviklinga av både Bykle og Hovden står sentralt dei komande åra. I Bykle er det vedtekne sentrumsbygget ein viktig del av utviklinga av sentrum, medan opprusting av samfunnshuset kan bli eit naturleg neste steg. På Hovden held arbeidet med sentrumsutvikling fram. Vidare utvikling av aktivitetsområdet rundt skulen og idrettsplassen er også aktuelt i planperioden. 2027 blir samtidig eit viktig planår. Kommuneplanen sin arealdel skal etter planen fram til politisk behandling, og arbeidet omfattar også sti- og løypeplan.

Nye moglegheiter for næringslivet

Næringsutvikling er ei anna viktig satsing. Det er sett av ressursar til vidare arbeid med moglegheitene innan kraftkrevjande industri.

– Som kraftkommune skal Bykle bruke dei moglegheitene ressursane våre gir til å skape framtidig verdiskaping og utvikling, seier Sloth.

Samtidig skal kommunen arbeide langsiktig for å sikre rettane og inntektene frå kraftressursane også for framtidige generasjonar.

Skal utvikle tenestene

Framtidssatsinga handlar ikkje berre om bygg og investeringar. Kommunen vil også utvikle tenestene og organisasjonen, mellom anna gjennom velferdsteknologi, arbeid innan oppvekst og utdanning, beredskap, internkontroll og leiarutvikling.

– Vi skal vere opne for nye arbeidsmåtar og ta i bruk teknologi der det kan bidra til betre kvalitet, meir effektive tenester og ein betre kvardag for både innbyggjarar og medarbeidarar, seier Sloth.

Samtidig understrekar kommunedirektøren at offensiv utvikling må gå hand i hand med god økonomistyring og kloke prioriteringar.

– Vi skal ikkje slå oss til ro med at det som var godt nok i går, utan vidare er godt nok i morgon. Vi skal halde fram med å utvikle oss, vere nyfikne på nye løysingar og våge å prioritere når det er naudsynt.

Målet for åra framover oppsummerer ho slik:

– Bykle skal vere ein god kommune å bu, leve og arbeide i, også for dei som kjem etter oss.