Bykle skule markerer verdsdagen for Downs syndromLytt til tekstenStopp avspillingI dag torsdag 21. mars er verdsdagen for Downs syndrom. Det blir markert på Bykle skule. Publisert av Ole Birger Lien Publisert 21.03.2024 15:49 Sist endra 21.03.2024 15:49 Fargerikt på Bykle skule i høve vedrsdagen for Downs syndrom. Bykle skule Der har kvar einaste elev frå 1. til 10. klasse troppa opp på skulen med sokkar i ulike fargar på seg! Som støtte til den viktige dagen er det altså både kreative og ikkje minst fargerike uttrykk i sving! Støttar mangfaldetBakgrunnen for verdsdagen er mellom anna å støtte mangfaldet me alle er ein del av. Temaet for dagen i år er å knuse fordomar. Kvart år blir det født 70-80 born i Noreg med Downs syndrom.Vil du vite meir om Downs syndrom og verdsdagen? Då kan du sjå HER