Bykle vaskeri vil ha fleire tilsette!Lytt til tekstenStopp avspillingNyleg opna Bykle vaskeri, eit samarbeidsprosjekt mellom initiativtakar Bykle kommune, Setpro og NAV. To av fem varig tilrettelagte arbeidsplassar er no tekne, men i vaskeriet vil dei fylle alle plassane! Publisert av Ole Birger Lien Publisert 16.04.2024 13:47 Sist endra 16.04.2024 13:47 Åshild Bryggeså i full gang med vasken i Bykle vaskeri. Ole Birger Lien Bykle vaskeri er del av Brynje-prosjektet. Formålet med satsinga er å redusere sosial ulikskap og utanforskap. Bykle vaskeri skal i første omgang ta seg av vasken for Bykle sjukeheim, men etter kvart går det tilbod om vasking ut både til lokalt næringsliv og folk flest. Sjølve Brynje-prosjektet er treårig, og budsjettet er kring tre mill. kr. Redusere sosial ulikskapBykle vaskeri skal i første omgang ta seg av vasken for Bykle sjukeheim, men etter kvart går det tilbod om vasking ut både til lokalt næringsliv og folk flest.– Om dette er av interesse er det bare å kontakte meg på telefon 95283609 eller via ein e-post HIT så tar eg kontakt, seier Åshild Bryggeså ved Bykle vaskeri.Stillingane ved Bykle vaskeri er for dei som i dag mottek uføretrygd.