Dei første Ukraina-flyktningane ferdige på vaksenopplæringaLytt til tekstenStopp avspillingHer om dagen var det kakefest i vaksenopplæringa i Bykle! Dei første flyktningane frå Ukraina har fullført programmet sitt. Publisert av Ole Birger Lien Publisert 05.02.2024 10:13 Sist endra 05.02.2024 10:13 Kakefest for Ukraina-flyktningar som er ferdige på vaksenopplæringa. Sigrid Bjørgum Difor samla dei seg i lokala til vaksenopplæringa med all mogleg kakesnadder på borda, og koste seg saman med kvarandre og tilsette. Så er det å håpe at dei fleste blir verande i Bykle kommune, og at dei kan skaffe seg ein grei jobb. Skal ein døme etter måten dei har integrert seg på, ikkje minst kor kjapt mange av dei lærte seg å kommunisere på norsk, er det ikkje innsatsviljen det står på!God stemning rundt bordet. Sigrid Bjørgum