Den første el-bussen mellom Kristiansand og Hovden/Haukeli i sving frå 1. juli!
Onsdag 1. juli blir den første el-bussruta mellom Kristiansand og Hovden/Haukeli starta opp. Det historiske høvet skal markerast på Hovden når bussen kjem klokka 12.55. Prosjektet er mellom anna eit resultat av samarbeidsavtalen mellom Bykle kommune og Agder fylkeskommune - og arbeidet for eit grønare kollektivtilbud.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 29.06.2026 10:09
Sist endra 29.06.2026 15:16
Denne el-bussen skal gå i rute mellom Kristiansand og Hovden/Haukeli.
Setesdal Bilruter
Det er på parkeringsplassen ved Kiwi det heile skal gå føre seg. Det er Agder fylkeskommune, Agder kollektivtrafikk, Bykle kommune og Setesdal Bilruter som skipar til “opningsfesten” som markerer starten på eit nytt kapittel for kollektivtransporten i regionen. Setesdal blir samstundes blant dei første områda i landet som får ei elektrisk langdistanserute.
Lang taleliste
Blant dei som kjem til markeringa med helsing er fylkesordførar Arne Thomassen, Bykle-ordførar Hans Blattmann og Setesdal Bilruter. Det blir ei markering av første avgang, og enkel servering i teltet - og det er lurt å møte opp i god tid! Markeringa er open for absolutt alle!