Denne veka er Eigenberedskapsveka 2026 landet rundt!

 Veka frå måndag 26. oktober er Eigenberedskapsveka i Noreg. Det handlar om kva kvar enkelt av oss bør ha av lager heime, tenke på og gjere for å vere så budde som råd viss noko skulle skje.Temaet for Eigenberedskapsveka 2026 er krisekommunikasjon når mobilnett, internett eller andre elektroniske kommunikasjonsløysingar fell bort. Målet er at kommunane skal vere godt førebudde på å informere innbyggjarane også når digitale kanalar ikkje fungerer, og at folk skal vite kvar dei kan få påliteleg informasjon i ei krise. Eigenberedskapsveka blir arrangert årleg i veke 44, og i år går ho føre seg frå 26. oktober til 1. november.

DSB

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har kome med nye og skjerpa tilrådingar til kva ein bør ha av beredskapslager heime. Den største endringa er at ein frå no av bør ha nok av vatn, mat og anna livsnødvendig til å greie seg på eiga hand i ei veke. Tidlegare var tilrådinga å ha nok for tre dagar.

Eigenberedskap handlar altså om at ein i ein naudsituasjon i samfunnet skal kunne greie seg på eiga hand ein viss periode. Viss det skjer noko som påvirkar alle, vil naturleg nok ikkje naudetatane kunne hjelpe alle samstundes. Det betyr at det mest akutte blir teke først, og mange må vente.

Ny brosjyre

I fjor haust sendte DSB ut forslag til oppdaterte råd på høyring. I dag blir altså dei oppdaterte råda lagt til grunn. I tillegg til at ein skal sikre nok forsyningar for ei veke, går dei nye råda meir inn i medieforståing i kriser og ikkje minst kor ein skal opphalde seg. Nye tema som felles eigenberedskap og psykisk helse er også med. DSB er no i gang med å lage ei brosjyre som samlar dei oppdaterte råda. 

Dei oppdaterte råda finn du HER

På nettsida Egenberedskap (DSB) er det samla mykje nyttig materiell knytta til eigenberedskap i heimen.

– Eigenberedskap er det me alle bør ha på plass, men som me håpar at me aldri skal få bruk for. Vatn, mat, varmekjelder, batteri, det meste ein kan tenke seg viss ein må greie seg på eiga hand i ei veke. Det er fort å tenke at dette er unødvendig, men den dagen behovet er der er det avgjerande at me har beredskapen på plass. Mykje av poenget med god eigenberedskap er at jo fleire som kan klare seg sjølv, jo fleire av dei som verkeleg treng hjelp kan få det av offentlege hjelpeinstansar, seier kommunedirektør i Bykle kommune, Karina Sloth.