Drivstoffpumpene ved YX Bykle stengt i dag måndag 3. august
Som me har skrive tidlegare skal YX Bykle rivast og gje plass for nytt sentrumsbygg i bygda. I dag vart drivstoffpumpene stengt.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 03.08.2026 16:01
Sist endra 03.08.2026 16:01
YX-bygget i Bykle skal rivast for å gjere plass for nytt sentrumsbygg.
Ole Birger Lien
– Planen er at nytt tankanlegg nede ved Prix Bykle skal vere i gang frå i morgon tysdag 4. august. Me beklagar at det ikkje har blitt gjeve god nok informasjon om at pumpene ved YX Bykle no er stengt, seier dagleg leiar i Bykle og Hovden vekst AS, Torvald Gautland.
Ikkje farga diesel
Opprinnelig var det planen å ha 3 typer drivstoff frå i morgon, men på grunn av leveringsproblem på tankanlegget så blir det 95 oktan bensin og diesel, farga diesel vil kome i løpet av hausten.