Drøymeforhold i Storetjønn!

Med varmen me har hatt den siste tida, er badeplassane i kommunen populære destinasjonar! Så skal den “verste” varmen avta noko til veka, men vermeldingane for neste veke lovar likevel mykje fint sommarver.

Storetjønn i Bykle er ein populær destinasjon i sommarvarmen! Sigrid Bjørgum

Ikkje minst ved Storetjønn i Bykle har det myldra av liv i vasskanten og sjølvsagt i vatnet den siste tida. Badetemperaturane er gode, og her er rikeleg plass for store og små! Så er det greitt med ei påminning om at ein skal vere forsiktig når ein badar - og det er heller ikkje dumt å fylgje litt med rundt seg. Alle ynskjer ein fin sommar med flotte badedagar - og ein sommar utan uheldige hendingar. 

Bruk hovudet!

Aktørar som Redningsselskapet har desse råda å kome med: Bad aldri åleine. Hald oppsyn med born heile tida. Hopp ikkje uti ukjent vatn. Bruk redningsvest når det er nødvendig. Ver varsam ved sterk straum og bølgjer. Ikkje bad når du er påverka av alkohol eller rusmiddel. Gå roleg uti dersom vatnet er kaldt. Hald deg nær land dersom du er usikker på eigne symjeevner. Lær deg korleis du kan varsle og hjelpe ved ei ulykke. Avslutt badinga dersom du blir kald eller sliten.