Ei leilegheit er blitt ledig i Leige før eige prosjektet

Det er no ei leilegheit ledig i "Leige før eige" i Røyrvikåsen på Hovden.

Helene Nilsen

Dei som har leilegheit i "Leige før eige" kan leige i inntil fem år før dei bestemmer seg for om dei vil kjøpe, ein kan tidlegast kjøpe etter tre år viss ein har spart nok eigenkapital. Viss dei vil ut etter den avtalte leigeperioden og likevel ikkje kjøpe, får dei all sparinga dei har lagt inn tilbake, med renter. 

Den ledige eininga er leilegheit 102, Røyrvikåsen bustadfelt 16. Den er på 53,8 kvadrat, i fyrste etasje. 

Les meir om Leige før eige her (PDF, 353 kB) (Dette er leilegheitstype 1). Leigeprisen vert justert 01.01.27

For å kunne søke på leilegheitene i Leige før eige kan du ikkje eige bustad frå før,  du må vere over 18 år, og ha vore folkeregistrert i kommunen i minst eitt år. Unnataket er lokal ungdom som studerer ute.

Søknadsskjema Søknadsfristen er 02.09.26

Ring kommunen på telefon 37 93 85 00 om du har spørsmål.