Felles bodskap frå dialogmøte om villrein

Statsforvaltaren og kommunane deler målet om å sikre levedyktige villreinbestandar, samstundes som det skal vere grunnlag for levedyktige lokalsamfunn.

Kommunane Bykle og Valle i møte med Statsforvaltaren. Frå venstre: Ann Ebeltoft, fungerande kommunedirektør Bykle, Hans Blattmann, ordførar Bykle, Gina Lund, statsforvaltar i Agder, Lars Tarald Myrum, ordførar Valle, Gunnar Ogwyn Lindaas, miljøverndirektør hjå statsforvaltaren og Vidar H. Homme, kommunedirektør Valle. Kirsten Leira

Det er semje om at gode avgjerder føreset eit best mogleg kunnskapsgrunnlag. Dette gjeld både kunnskapen om villreinen og kunnskapen om andre viktige samfunnsinteresser som vert påverka av forvaltninga. Det er behov for at kunnskapsgrunnlaget er oppdatert og i størst mogleg grad tilpassa lokale tilhøve, slik at planlegging og forvaltning kan byggje på best mogleg kunnskap og gjeve grunnlag for lokal tillit og legitimitet.

 Prioritere vidareutvikling

Statsforvaltaren og kommunane er vidare samde om behovet for å prioritere vidareutvikling og gjennomgang av metodikk og kunnskapsgrunnlag knytt til kvalitetsnorma for villrein og klassifiseringa av villreinområda. Målet er å auke kvaliteten, redusere usikkerheita og sikre størst mogleg tillit til kunnskapsgrunnlaget. Statsforvaltaren tek ansvar for å lyfte dette behovet vidare til relevante fag- og forvaltningsstyresmakter.

 Felles forståing

Det er behov for å gå gjennom sentrale omgrep og definisjonar som vert nytta i villreinforvaltninga, mellom anna knytt til geografiske avgrensingar, slik at forvaltning, forskingsmiljø og kommunar i størst mogleg grad legg ei felles forståing til grunn. Kommunal involvering i dette arbeidet er viktig, slik at også lokal og erfaringsbasert kunnskap og erfaringar frå kommunale planprosessar vert tekne med.

 Oppdatert kunnskap

Det er òg behov for å prioritere ein gjennomgang av yttergrensene for villreinen sine biologiske leveområde i Setesdal, slik at kartgrunnlag og avgrensingar i størst mogleg grad speglar oppdatert kunnskap om villreinen sin arealbruk. Kommunane skal involverast i dette arbeidet og lokalkunnskap er ein sentral føresetnad for gjennomgangen. Statsforvaltaren tek ansvar for å fylgje opp dette punktet overfor relevante fagstyresmakter.

 Felles arena 

Statsforvaltar og kommunane er samde om at kart og anna fagleg kunnskapsgrunnlag bør vere tydelege når det gjeld føremål, metodikk, usikkerheit og forvaltningsmessig status. Det vert teke initiativ til å etablere ein felles arena for oppfølging av tiltaksplanen for villreinområda når planen er vedteken. Arenaen skal bidra til dialog, erfaringsutveksling og koordinering av oppfølginga mellom aktørane som har eigarskap til tiltaka. Det vert lagt til grunn at gjennomføring av aktuelle tiltak skjer i samsvar med dei rammer, roller og ansvarsforhold som følgjer av tiltaksplanen.

Styrke dialogen

Det er semje om å styrkje dialogen mellom Statsforvaltaren og kommunane framover, både i overordna planprosessar og i konkrete enkeltsaker. Tidleg involvering, open dialog og felles forståing av kunnskapsgrunnlaget er viktig for å oppnå gode prosessar, betre avvegingar og meir føreseielege rammer for både villreinforvaltninga og samfunnsutviklinga elles.

 Vidare kontakt

Statsforvaltaren og kommunane vil fylgje opp punkta frå dialogmøtet i vidare kontakt, og avklare korleis arbeidet med kunnskapsgrunnlag, metodikk, omgrep og geografiske avgrensingar skal førast vidare. Målet er å få avklart slike spørsmål tidleg i prosessane, slik at usemje om kunnskapsgrunnlag og premiss i minst mogleg grad vert ei hindring for gode løysingar.