Sigurd Wiberg i Statens vegvesen fekk æra av å kutte snora. Her flankert frå venstre av Bykle-ordførar Hans Blattmann, fylkesordførar Arne Thomassen, byggjeleiar i Statens vegvesen Håvard Sandkjær Fjærbu og hovudentreprenør Jo Breivegen i Hovden hytteservice.
Ole Birger Lien
Dei to prosjekta er ein del av arbeidet med å betre standarden på Rv. 9. Føremålet har vore å auke trafikktryggleiken og framkomsten gjennom å utbetre kurver, betre siktforholda, etablere mjukare og tryggare sideterreng og auke bereevna til vegen. Hovden Hytteservice AS er hovudentreprenør på begge parsellane.
– Viktig for Bykle, viktig for Setesdal og viktig for heile regionen, slo fylkesordførar Arne Thomassen fast under opninga.
Han peika spesielt på det gode samspelet mellom fylkeskommunen og kommunane om målet gul midtstripe like til Hovden.
– Me har vore offensive, og det skal me halde fram med. At prosjekt som dette også sysselset lokal arbeidskraft som levere så flott, er ein veldig fin bonus, meinte Bykle-ordførar Hans Blattmann.
6,4 kilometer frå Hoslemo til Geiskelid
Arbeidet på strekninga Hoslemo–Geiskelid starta hausten 2024 og omfattar 6,4 kilometer riksveg. I Hoslemokleiva er det i tillegg bygd 1,8 kilometer gang- og sykkelveg. Prosjektet omfattar også to nye betongarmerte bruer, Tverrå bru og Maurlibekken bru. Det har vore eit omfattande anleggsarbeid. Om lag 95 000 faste kubikkmeter fjell er sprengt ut, medan rundt 170 000 kubikkmeter jord og lausmassar er flytta. Det er lagt om lag 43 000 kvadratmeter asfalt, 6 400 meter kabelgrøft og 1 586 meter stikkrenner.
Frå Geiskelid til Badstogdalen
Den andre parsellen går frå Geiskelid til Badstogdalen og omfattar 3,6 kilometer riksveg med gang- og sykkelveg. Arbeidet her starta hausten 2025. Eit eige tiltak på denne strekninga er ein skikulvert ved Nordli, som legg til rette for at skiløypa kan passere riksvegen utan kryssing av sjølve køyrebana. Også her er det flytta store massar. Prosjektet omfattar sprenging av rundt 40 000 faste kubikkmeter fjell og flytting av om lag 110 000 kubikkmeter jord og lausmassar. Det skal leggjast 43 000 kvadratmeter asfalt, 3 400 meter kabelgrøft og om lag 1 000 meter stikkrenner. Første asfaltlag hadde frist 1. oktober 2026. Sjølv om parsellen no er opna, står det framleis arbeid att. Slitelag og sideterreng skal etter planen vere ferdige i juni 2027.
Eit stort løft for Rv. 9
Samla utgjer dei to parsellane 10 kilometer veg. Tala viser også storleiken på anleggsarbeidet: Det er sprengt om lag 135 000 faste kubikkmeter fjell og flytta rundt 280 000 kubikkmeter jord og lausmassar på dei to prosjekta. Opninga markerer dermed ein viktig milepåle i arbeidet med å få ein tryggare og meir framkomeleg Rv. 9 gjennom Setesdal. Betre kurvatur, betre sikt, sterkare veg, tryggare sideterreng og nye løysingar for gåande og syklande skal gi ein betre veg både for lokaltrafikken og for dei mange som nyttar Rv. 9 som hovudveg gjennom dalen.