Fleire kommunale bygg i bruk under Landskappleiken på Hovden

Landskappleiken på Hovden 24. - 28. juni samlar fleire tusen besøkande og deltakarar, og det er difor naudsynt å nytte kommunale bygg og anlegg, både i arrangementsperioden og under opprigg i forkant. Dette får naturleg nok noko å seie både for fastbuande og tilreisande.

Hovden grendehus er eitt av dei kommunale bygga i Bykle som blir påvirka av Landskappleiken 24.- 28. juni. Ole Birger Lien

Skulevegen på Hovden blir einvegskøyrd med køyreretning frå nord ned mot Skisentervegen. Barnehage og SFO er ope som vanleg, med innkøyring - vegen inn til skulen og barnehagen er elles stengd for biltrafikk. I grendehuset er det ikkje aktivitet i hall og sal frå og med i morgon laurdag 20. juni. Bibliotek og skranke er ope som vanleg heile perioden.

Helsehuset tilgjengeleg

Helsehuset på Hovden er tilgjengeleg, med parkering og innkøyring. Så er likevel legekontoret der sommarstengt, men det er ope i Bykle. Hovden Fjellbad er ope som vanleg, med inngang gjennom porten til Landskappleiken. Det er likevel ikkje bilparkering tilgjengeleg for gjester i badeanlegget.

Grusplassen stengt

Grusplassen er stengd denne veka, men fotballbanen er open heile perioden med inngang frå sørsida. Langrennsarenaen blir nytta som parkering, og campingplass for telt og bubilar. Plassen ved ridehallen blir også nytta. Hybelhusa i Stussli blir nytta til overnatting av personell, så der kan det bli meir trafikk enn vanleg. Landskappleiken set opp buss kl. 09-21 kvar dag, som kan nyttast av alle, ikkje bare publikum på Landskappleiken.