Flott St-Hans-feiring på Hegni!

St.Hans-feiringa på Hegni baud på vermessige utfordringar, eit gjenstridig bål - og flust med blide menneske! Oppslutninga om arrangementet var god, og samankomsten vart ein kveld for minneboka!

Helga Jacobsen

Gjennom heile dagen hadde regnet piska ned og spylt bålet, men då klokka runda 17 braut sanneleg sola gjennom skydekket! Med sola kom også folk, og det tok ikkje lang tid før det var eit yrande liv, alt dandert med lukta av herleg grillmat! Kiwi hadde sponsa frukt til alle, og lokal ungdom var med og serverte kake til alle som ville ha.

Kampen mot våt ved

Klokka 19 skulle bålet tennast, men like før tenninga kom regnet tilbake. Med god hjelp av Domi frå brannvesenet vart det til slutt skikkeleg fyr, og med elden sprakande kom til og med sola fram att! Folk storkoste seg utover kvelden.

Kiosken open kvar dag

Så kan det vere greitt å minne om at kiosken på Hegni er open kvar dag frå klokka 12-18. Det er lokal ungdom som driftar kiosken, så der kan du få både friske smil og godt humør, is, kaffi og ein hyggeleg prat!

Helga Jacobsen Frå venstre Tord Helgason Bjønnes, Vilde Bentsen Breive-Lidtveit, Sol Thrane Bye, Casper Steine Thorstensen og Julian Enes-Seberg. Helga Jacobsen Helga Jacobsen