Flygningar over Vatnedalsmagasinet neste veke
På grunn av behov for ulike inspeksjonar blir det flygningar over Vatnedalsmagasinet i neste veke frå tysdag 15.- torsdag 17. september.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 11.09.2026 12:05
Sist endra 11.09.2026 12:05
Sigrid Bjørgum
Det skal utførast ein såkalla ROV-inspeksjon av inntakstunnel fra Vatnedalsvatnet til Holen kraftstasjon. Alt av utstyr blir frakta frå dammen og inn til inntakstunnelen, kring 5 km inn i magasinet. Det blir sjøsett ein flåte på magasinet, som vil frakte noko av utstyret ut.
Avhengig av greitt ver
I tillegg blir det flygningar frå dammen slik: Tysdag 15.sept, morgon: 2-3 tur/retur med ROV-utstyr, kontrollrom og diverse anna utstyr, onsdag 16.sept, morgon: 1 tur/retur med ROV-utstyr og torsdag 17.sept, formiddag: 1-3 tur/retur med diverse utstyr. Blir det vanskeleg forhold med tanke på veret kan oppdraget bli utsett til veke 39.