Flyktningane frå Ukraina treng språk- og arbeidstreningLytt til tekstenStopp avspillingBykle kommune oppmodar no lokalt næringsliv til å ta inn ukrainske flyktningar i praksisplass slik at dei får språk- og arbeidstrening. Publisert av Ole Birger Lien Publisert 13.03.2024 09:36 Sist endra 13.03.2024 09:40 Det har kome mange flyktningar frå Ukraina siden krigen starta. Dei er avhengige av praksisplassar i næringslivet både for å trene seg på norsk og få eit innblikk i lokalt arbeidsliv. Ole Birger Lien Dette gjeld ukrainarar som går på norskopplæring tre dagar i veka og som skal ha språk- og arbeidstrening tysdagar og fredagar. Flesteparten av dei kan litt norsk, men treng altså å lære meir. – For meir informasjon kan aktuelle verksemder kontakte flyktningetenesta ved Sigrid Bjørgum, seier leiar flyktningetenesta Anna Lise Pedersen Væting.Sigrid Bjørgum kan ein nå på e-post HER eller på tlf 95807743