Folketalsauke på heile 14% i Bykle kommune dei siste åra!
Tal frå Statistisk Sentralbyrå som tar for seg folketalsutvikling i kommunane er gledeleg lesing for Bykle. Sidan 2020 og fram til i dag har veksten vore på heile 14,1%!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 17.09.2026 12:30
Sist endra 17.09.2026 12:30
Ole Birger Lien
I utgangen av 3. kvartal i 2020 var det 921 fastbuande i Bykle kommune. I utgangen av 2. kvartal i år er talet 1051. Solid auke, og langt over snittet for kommunar av samanliknbar storleik rundt om i Noreg.
– Veldig gledeleg, og eit godt utgangspunkt for vidare arbeid. Folketal og arbeidsplassar er basisen for lokalsamfunnet, trivsel, dugnadsånd og fellesskap er limet som held alt saman i hop. Me er heldige i Bykle kommune, seier ordførar Hans Blattmann.