Forlenga periode med samdrift ved legekontoret i Bykle
Det er for tida samdrift med legekontora i Bykle og Valle med Bykle legekontor ope. Samdriftsperioden blir no forlenga til å gjelde også veke 33.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 29.07.2026 11:06
Sist endra 29.07.2026 11:06
Det er samdrift i Bykle legekontor til og med fredag 14. august.
Ole Birger Lien
Samdrifta tok til 15. juni, og kjem no altså til å halde fram til og med fredag 14. august, ei veke lenger enn tidlegare opplyst. I heile perioden er det til legekontoret i Bykle ein må vende seg, og møte opp til time. Frå måndag 17. august er det ordinær drift ved legekontora i dei to kommunane.
Bykle legekontor - tlf 37 93 86 70.
For legevakt ring 116 117.