Fosterheimsveka: Kan du vere den trygge vaksne eit barn treng?
Denne veka blir Fosterheimsveka markert over heile landet. Målet er å finne fleire fosterheimar, og særleg vaksne som alt finst i nærmiljøet til barn som treng ein ny heim.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 04.11.2026 09:02
Sist endra 04.11.2026 09:02
Bufdir
Når eit barn treng fosterheim, kan det vere svært verdifullt å få bli buande i eit område barnet kjenner. Då kan barnet halde fram på same skule, vere saman med vener, delta på dei same fritidsaktivitetane og framleis ha kontakt med menneske som betyr mykje i kvardagen. For eit barn som opplever store endringar i livet, kan det kjende og trygge rundt barnet vere ekstra viktig.
Ser etter fosterheimar i nærmiljøet
Difor ønskjer Bufetat og Bufdir å finne fleire vaksne som allereie finst i nærmiljøet til barnet, og som kan vere aktuelle som fosterheim. Ein fosterheim skal gje barnet tryggleik, omsorg og ein stabil kvardag. Dersom barnet samtidig kan halde på viktige delar av livet det kjenner frå før, kan overgangen til ein ny heim bli mindre omfattande. Det finst mange ulike menneske og familiar som kan bli fosterheim. Det viktigaste er å kunne tilby eit barn ein trygg heim, omsorg og stabile vaksne som har tid og overskot til å følgje barnet over tid.
Kanskje har du tenkt tanken?
Fosterheimsveka skal også gjere det enklare å ta det første steget for dei som er nysgjerrige på kva det inneber å vere fosterheim. Kanskje har du sjølv tenkt på om dette kunne vere noko for deg eller familien din? Kanskje kjenner du eit barn som kunne hatt nytte av å bli buande i sitt eige nærmiljø? Eller kanskje ønskjer du berre å vite meir om kva det inneber å opne heimen sin for eit barn? Du treng ikkje ha bestemt deg for å bli fosterheim for å søkje meir informasjon.
For eit barn som treng ein ny heim, kan ein trygg vaksen i nærmiljøet utgjere ein stor skilnad.
Les meir på Bufdir sine nettsider