Frå fleirbrukshall til villrein i Bykle ungdomsråd

Mange tema kom opp då Bykle ungdomsråd samla seg i rådhuset nyleg.

Frå møtet i Bykle ungdomsråd nyleg. - Klikk for stort bileteFrå møtet i Bykle ungdomsråd nyleg. Ole Birger Lien

Til møtet kom ordførar Hans Blattmann og varaordførar Merethe Hjemdahl med orienteringar frå kommunen. Også Brynje-prosjektet var med i den bolken. Ordføraren fortalde mellom anna om prosjektet fleirbrukshall i Bykle, og opprusting av styrkerom. Padelhall, skytesimulator og ungdomsrom er av satsingane som skal vurderast. Blattmann orienterte også om bakgrunnen for mellom anna innskrenkningar på løypekøyringa i vinter, det det som dei fleste veit var krevjande forhold for villreinen som låg bak.

Alle ungdomsråda samlar seg

Frå administrasjonen møtte Eivind Ilje Tveit. Han orienterte mellom anna om ei samling for alle ungdomsråda i Setesdal til hausten. Bykle ungdomsråd vart utfordra med tanke på innspel til samlinga. Av saker ungdomen sjølv sette på kartet var mellom anna snømåking på fotballbanane. Svaret dei fekk var at det blir måka, men først når snømengdene er overkomelege. Også busskortordninga og ventilasjon i gymsalen på Hovden var tema.

Ordførar Hans Blattmann og varaordførar Merethe Hjemdahl deltok på møtet med Bykle ungdomsråd. - Klikk for stort bileteOrdførar Hans Blattmann og varaordførar Merethe Hjemdahl deltok på møtet med Bykle ungdomsråd. Ole Birger Lien