Framleis bruk for fleire bøsseberarar til TV-aksjonen sundag 18. oktober

Årets TV-aksjon på NRK går til NRC Flyktninghjelpen. Målet er å skaffe nok pengar til å hjelpe 400.000 menneske på flukt ein trygg heim og håp for framtida. Skal ein nå det målet trengst det bøsseberarar!

Mikkel Strøm

Målet er altså å hjelpe menneske som har flykta frå krig og konflikt med å få eit trygt heim og håp for framtida. Pengane frå aksjonen skal mellom anna gå til nødbustader, reparasjon av heimar, tilgang til reint vatn, sanitærtilbod og juridisk hjelp for flyktningar i land som Syria, Gaza, Sudan, Tsjad, Den demokratiske republikken Kongo og Afghanistan. 

Registrering eller ein telefon

Dei som ynskjer å bidra som bøssebararar å melde seg til kommunen. Den som vil gjere ein innsats kan registrere seg på nett: tvaksjonen. no, eller ta kontakt med kultur@bykle.kommune.no eller 902 16 856.

Årets TV-aksjon blir altså skipa til sundag 18. oktober.