Frist for å søke jolehjelp er 1. desember
Bykle kommune tilbyr også i år jolehjelp til hushaldningar med låg inntekt. Dei som fyller vilkåra, kan få 2 000 kroner i støtte per husstand. Nå nærmar det seg fristen for å søke - den er 1 desember.
Treng ein hjelp med søknaden om jolehjelp kan ein vende seg til NAV i Bykle eller Vidar Mortensen i Bykle kommune.
Ole Birger Lien
Kriteria for jolehjelp
Ordninga gjeld hushaldningar med ei samla inntekt på inntil 5 G, tilsvarande 682 745 kroner. Søknaden skal sendast via NAV, og fristen er tysdag 1. desember. Kommunen oppmodar likevel dei som ønskjer å søkje om å gjere det så raskt som mogleg.
Dei som alt har søkt om økonomisk sosialhjelp frå NAV og fått dette innvilga i november, treng ikkje sende ein eigen søknad om jolehjelp. Dei vil få 2 000 kroner ekstra utbetalt. Dei som skal søkje om økonomisk sosialhjelp no, kan skrive «Jolehjelp Bykle 2026» i søknaden i tillegg til dei andre behova dei søkjer støtte til. Dersom ein berre ønskjer å søkje om jolehjelpa frå Bykle kommune, nyttar ein det same digitale søknadsskjemaet. Då held det å skrive «Jolehjelp Bykle 2026» i feltet «Kva søkjer du om?». Dei andre felta kan stå tomme. Her finn du søknadsskjema
Viktige forbehald
Det blir berre vurdert éin søknad per husstand. Ordninga gjeld heller ikkje studentar som studerer andre stader, men som høyrer heime i Bykle kommune. Det er ikkje klagerett på eventuelle avslag.
Spørsmål?
Dei som har spørsmål eller treng hjelp med søknaden, kan ta kontakt med Vidar Mortensen i Bykle kommune på telefon 924 16 961.
Søknadsfristen er altså allereie tysdag 1. desember 2026.
Publisert 26.11.2026 13:05
Sist endra 26.11.2026 14:24