Fristen snart ute for påmelding til Brynjedagen!
I haust blir Brynje-prosjektet avrunda, og det blir skipa til ein fagdag om inkludering både for ei evaluering av prosjektet og faglege vurderingar elles. Fagdagen er gratis å delta på, og går føre seg onsdag 21. oktober frå klokka 09 på Bykle hotell. No er det bare ei veke til påmeldingsfristen går ut måndag 19. oktober!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 12.10.2026 13:01
Sist endra 12.10.2026 13:01
Bykle-ordførar Hans Blattmann (t.v.) og Vidar Mortensen i Brynje-prosjektet er klare for Brynjedagen 21. oktober.
Bykle kommune
Frå programmet kan ein nemne alt frå velkomen ved ordførar Hans Blattmann, opning av konferansier Aziz Azizi, Brynjeprosjektet, medborgarskap i praksis - erfaringar og læringspunkt ved Vidar Mortensen og kva statistikken fortel, og ikkje, om utanforskap, av Håvard Jacobsen, NAV.
Inkludering i stallen
Heidi Lysdahl har bolken “Stallen som inkluderingsarena”, og ein paneldebatt kring erfaringar frå idretten blir leia av konferansieren. Der bidrar Hovden Sportsklubb, BUA i Bygland og inkluderingsprosjektet i Otra IL. Andre aktørar er Setesdal Miljø & Gjenvinning, SAMM-prosjektet og mange fleire.
Program
Påmelding