Generelt bålforbod frå 15. april til 15. september

I dag tar det generelle bålforbodet til. Like til 16. september er det ikkje lov å tenne opp bål, grill eller eingongsgrill i eller ved skog og annan utmark. Unnataket er der det heilt openbart ikkje er noko brannfare.

Det er forbod mot å gjere opp eld eller handsame brannfarlege ting utandørs på ein slik måte at det kan føre til brann. Eld må ikkje reisast frå før flammane er fullstendig slokka. Kommunane kan også innføre forbod mot bål og anna brannfarleg utanom den nemnde perioden viss forholda tilseier det.

Kan melde inn brenning

Så er det altså rom for å tenne opp eld der det openbart ikkje er fare for at brannen skal spreie seg. I slike tilfelle er det lurt å melde inn brenninga til kommunen. Viss brannvesenet får melding om røyk, og brannen den aktuelle staden er meldt inn, sparar ein brannvesen og kommune for tid og utgifter knytta til ei unødvendig utrykning.