Gjenbruksbutikken på Hovden feirer 1-årsjubileum
Gjenbruksbutikken på Hovden fyller eitt år, og det blir markert med jubileumsdagar frå torsdag 19. til laurdag 21. november. I samband med feiringa blir det 50 prosent rabatt på alle varer i butikken.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 16.11.2026 09:31
Sist endra 16.11.2026 09:31

Torsdag 19. november blir sjølve jubileumsdagen markert litt ekstra. Då blir det servert marsipankake til alle som kjem innom Gjenbruken. Jubileumstilbodet med halv pris gjeld gjennom alle dei tre opningsdagane, og det blir vanlege opningstider.
Laurdagsope
Torsdag og fredag er Gjenbruken open frå klokka 13 til 18, medan det laurdag er ope frå klokka 11 til 17. Jubileumsdagane blir dermed ei god anledning både for faste kundar og nye besøkande til å ta turen innom, sjå kva som finst i butikken og kanskje gjere eit ekstra godt gjenbrukskupp.
Opningstider under jubileet:
- Torsdag 19. november: kl. 13–18
- Fredag 20. november: kl. 13–18
- Laurdag 21. november: kl. 11–17