Dei feira El-buss-rute mellom Kristiansand og Hovden/Haukeli. Framme frå venstre: Joakim Mostad, AKT, Inger Ann Fidjestøl, konstituert fylkesdirektør for samferdsel i Agder fylkeskommune og Siw Viken, AKT-direktør. Bak frå venstre: Roy Bakke, Visit Setesdal, Terje Greibesland, dagleg leiar i Setesdal Bilruter, Hans Blattmann, ordførar i Bykle og Arne Thomassen, fylkesordførar.
Ole Birger Lien
I desse VM-tider var vel akkurat det siste ikkje til å unngå. Landet, for ikkje å seie verda over, blir det rodd til støtte for det norske landslaget og den nasjonale festbrusen dei fleste av oss er inne i. No altså også på Hovden, der SFO-born fekk med seg mellom anna fylkesordførar Arne Thomassen på roturen!
God rekkevidde
Bussen det handla om, som har ei rekkevidde på 580 km og kan fulladast på bare to-tre timar, blir no “patruljerande” mellom byen og oppover dalen. Under opningsmarkeringa vart det peika på frå fleire hald at mange gode krefter har jobba saman for å få dette til. Prosjektet er mellom anna eit resultat av samarbeidsavtalen mellom Bykle kommune og Agder fylkeskommune - og arbeidet for eit grønare kollektivtilbud.
– Me skal vere i front, me skal ha ned utsleppa. Då må me gjere det i det daglege, slo fylkesordførar Arne Thomassen fast under seremonien.
Han streka under at han gledde seg ekstra over at det var nettopp Setesdal Bilruter, med sin historie her i dalen, som vann anbodet.
– Det ville ikkje ha vore det same viss det var eit anna selskapsnamn på bussen, sa han.
– Bykle er offensive
– At Agder fylkeskommune får til mykje vegprosjekt og samferdsle i Setesdal og her i Bykle kommune er flott, og litt av æra tar me sjølv. Trafikken er det som gjev oss mest utslepp i Bykle kommune, difor er me offensive og satsar på det grøne skiftet. Hytteutviklinga me har hatt dei siste åra har ikkje vore å utvide, men bruke eksisterande areal - altså fortette. Det er også eit miljøgrep. Denne bussruta er eit anna grep me har tru på, sa Bykle-ordførar Hans Blattmann.
– I dag må eg takke alle som har bidratt til at me får dette til. Samarbeidet mellom ulike aktørar er svært bra, så dette har me stor tru på alle saman, sa AKT-direktør Siw Viken i si opningshelsing.
For folk flest
Mange møtte opp for å få med seg opninga. Samferdsle er av betydning for folk flest - og Hovden er ein destinasjon med interesse ikkje minst på kysten - det viste ikkje minst responsen frå NRK, som fekk seg ein prat med både Bykle-ordføraren og fylkesordføraren onsdag. Folk flest stimla saman om bussen, og gledde seg over endå ei tilvekst til den grøne vegen Noreg er i gang med å byggje.