Har du skaffa deg ein beredskapsven?

Eigenberedskap handlar om å klare seg sjølv med beredskapslager og anna i inntil ei veke. Men å klare seg sjølv betyr ikkje det same som at ein ikkje kan alliere seg med ein eller fleire beredskapsvener! Kva med å lage ein avtale med ein god granne eller to - fordelane kan vere mange. 

DSB

Å ha eit beredskapslager treng ikkje å vere så dyrt eller vanskeleg. Viss ein ynskjer å ha til dømes eit aggregat ståande - blir det meir av eit økonomisk lyft. Det er eit godt døme på ein situasjon der to-tre vener kan gå saman og sikre seg viktig utstyr utan å måtte grave alt for djupt i lommeboka. Ordet beredskapsven vart endåtil kåra til Årets ord i 2024 - så at dette er både på sin plass og aktuelt kan det vere lite tvil om!

Mange fordelar

Fordelane med å ha ein eller fleire beredskapsvener kan vere mange. Ein kan dele og låne utstyr av kvarandre, ytre førstehjelp ved skadar, opphald/overnatting, støtte og omsorg, praktisk hjelp, innkjøp, bering og transport, lån av mobiltelefon, felles matlaging og mykje, mykje meir!

Les meir om kva DSB skriv om beredskapsven