Heimevernet med øving i heile AgderLytt til tekstenStopp avspillingFrå tidlegare denne veka og like til torsdag 14. mars er Heimevernet i sving med øvinga Jøssing i heile Agder. Publisert av Ole Birger Lien Publisert 07.03.2024 12:21 Sist endra 07.03.2024 12:21 Heimevernet øver seg i heile Agder fram til torsdag 14. mars.Øvelsen er koordinert med politiet, og det blir nok av uniformerte soldatar å sjå rundt om. Så minner HV om at mistenkeleg aktivitet som alltid skal meldast inn, men soldatar i felt i Agder er altså ikkje slik aktivitet.Militær trafikkUnder øvelsen blir det ein del militær trafikk på enkelte vegar. Både lausammunisjon og ljosrakettar skal i bruk, og somme stader må ein rekne med noko støy døgeret rundt.