I gang att med "Trygg i vatn"-øvingar i barnehagane!

Kvar haust får alle førskuleborn i Bykle kommune trent seg både på å vere i vatn, og ikkje minst å vere trygge i det våte elementet. Også i år skal det trenast på det som kan bli så viktig.


 

Bykle kommune

Dei tilsette er godt rusta med både livredningskurs og førstehjelpskurs, og no har også bilane ein nyttar i transporten nye bilsete på plass så alt ligg til rette for trygg og god læring i vatnet for borna. At dette er eit viktig tiltak forstår alle - og med den rutinen som er bygt opp av dei som står for treninga ligg alt til rette for viltre krabatar i trygg og morosam vassleik!

Må byrje tidleg

Redningsselskapet og andre fagmiljø peikar på at barn bør lære å vere trygge i vatn frå tidleg alder. Gjennom leik, øving og opplæring lærer dei ikkje berre å symje, men også å vurdere risiko, ta vare på seg sjølve og hjelpe andre på ein trygg måte.For skuleelevar blir det lagt vekt på praktiske øvingar i sjølvberging, livredning, bruk av redningsvest og enkel førstehjelp. Realistiske øvingar gir barn og unge erfaring med korleis dei skal handle dersom ei ulykke skjer. Hovudbodskapen er at tryggleik i vatn handlar om meir enn symjing. Tidleg opplæring, regelmessige øvingar og gode haldningar er dei viktigaste verkemidla for å førebyggje drukningsulykker.

Bykle kommune