Inviterer til gratis heklekurs på Hovden - påmeldingsfrist i dag!

Har du lyst til å lære å hekle, eller kanskje friske opp gamle kunstar? Måndag 24. november blir det arrangert gratis heklekurs på Hovden grendehus.

Kurset startar klokka 18 og blir arrangert i samarbeid med Fjellgardane husflidslag. Målet er å gi deltakarane høve til å prøve seg på hekling i eit sosialt og uformelt miljø. Det er gratis å vere med, og arrangørane stiller også med garn til deltakarane. Dei som ønskjer å delta, må melde seg på på førehand. Påmeldingsfristen er fredag 20. november.