Jolehjelp til familiar og hushaldningar i Bykle

Jola nærmar seg, og for mange er dette ei tid med ekstra utgifter. Bykle kommune tilbyr også i år jolehjelp til hushaldningar med låg inntekt. Dei som fyller vilkåra, kan få 2 000 kroner i støtte per husstand.

Treng ein hjelp med søknaden om jolehjelp kan ein vende seg til NAV i Bykle eller Vidar Mortensen i Bykle kommune. Ole Birger Lien

Ordninga gjeld hushaldningar med ei samla inntekt på inntil 5 G, tilsvarande 682 745 kroner. Søknaden skal sendast via NAV, og fristen er fredag 27. november. Kommunen oppmodar likevel dei som ønskjer å søkje om å gjere det så raskt som mogleg.

Nokre får støtta automatisk

Dei som alt har søkt om økonomisk sosialhjelp frå NAV og fått dette innvilga i november, treng ikkje sende ein eigen søknad om jolehjelp. Dei vil få 2 000 kroner ekstra utbetalt. Dei som skal søkje om økonomisk sosialhjelp no, kan skrive «Jolehjelp Bykle 2026» i søknaden i tillegg til dei andre behova dei søkjer støtte til. Dersom ein berre ønskjer å søkje om jolehjelpa frå Bykle kommune, nyttar ein det same digitale søknadsskjemaet. Då held det å skrive «Jolehjelp Bykle 2026» i feltet «Kva søkjer du om?». Dei andre felta kan stå tomme. Her finn du søknadsskjema

Viktige forbehald

Det blir berre vurdert éin søknad per husstand. Ordninga gjeld heller ikkje studentar som studerer andre stader, men som høyrer heime i Bykle kommune. Det er ikkje klagerett på eventuelle avslag. 

Spørsmål?

Dei som har spørsmål eller treng hjelp med søknaden, kan ta kontakt med NAV-kontoret i Bykle eller Vidar Mortensen i Bykle kommune på telefon 924 16 961.

OBS: Søknadsfristen er fredag 27. november 2026.