Klypp hekken før skulestart!

Mange tenker på hekkeklypping som vanleg hagearbeid, men visste du at det også er eit lovpålagt ansvar? Som del av å sikre ein trygg skuleveg er god sikt i trafikken heilt avgjerande, og no er tida, eit par veker før skuleåret tar til!

Trygg Trafikk

Etter veglova er det dei som eig eigedomar langs vegane som må sørgje for at hekkar, buskar og tre ikkje hindrar sikta for trafikantar. Dårleg sikt ved kryss og avkøyrsler kan skape farlege situasjonar for både bilistar, syklistar og gåande. Trygg Trafikk oppmodar difor innbyggjarane til å ta ein sjekk av vegetasjonen rundt eigedomen sin i sommar. 

Ikkje over ein halvmeter

Ved avkøyrsler skal hekkar og gjerde ikkje vere høgare enn 50 centimeter. Når du står tre meter inn i avkøyrsla, skal du ha minst 30 meter fri sikt til kvar side langs gang- og sykkelveg. Mot veg med fartsgrense 50 km/t skal det vere fire meter fri sikt inn i avkøyrsla og 45 meter til kvar side. Ved å halde vegetasjonen nede oppfyller du ikkje berre lovkrava. Du bidreg også til eit tryggare trafikkmiljø for alle som ferdast på vegen.

Dette må ein passe på:

  • Du har ansvar for å halde vegetasjon på eigen eigedom borte frå siktsoner langs veg.
  • Vegetasjon ved avkøyrsler skal ikkje vere høgare enn 50 centimeter.
  • Ved gang- og sykkelveg skal du ha minst 30 meter fri sikt til kvar side når du står tre meter inn i avkøyrsla.
  • Ved veg med fartsgrense 50 km/t skal du ha fire meter fri sikt inn i avkøyrsla og 45 meter fri sikt til kvar side.
  • Krava er forankra i veglova §§ 31 og 43.