Kom som flyktningar frå Ukraina - no blir dei gründarar i Bykle!Lytt til tekstenStopp avspillingTetiana Prokopenko og Oleksandra Tebenkova kom til Bykle kommune som flyktningar frå Ukraina. No satsar dei begge på kvar si verksemd! Publisert av Ole Birger Lien Publisert 01.05.2024 10:22 Sist endra 01.05.2024 10:22 Tetiana Prokopenko (t.v.) og Oleksandra Tebenkova satsar i Bykle! Brynje-prosjektet Tetiana er utdanna frisør, og Oleksandra driv med sytenester. Dei satsar no altså på å drive for seg sjølv.– Me er takksame for hjelpa me har fått frå Bykle kommune, der både næringsavdelinga, flyktningetenesta og Brynjeprosjektet har hjelpt oss, seier Oleksandra, som altså satsar på sying. Ho har vore syerske i mange år, og merkar alt pågang.– Fleire vil ta vare på tøy i staden for bare å bruke og kaste, slår ho fast.På Bykle bygdeheimTetiana har over 20 års fartstid med eigen frisørsalong heime i Ukraina. Frå no av blir Bykle bygdeheim basen hennar.– Eg kan også kome heim til folk og klyppe, for meg er det viktig å vere tilgjengeleg. Kundane er viktigast, slår ho fast.No i starten er ei melding på mobiltelefon den greiaste måten å få tak i gründarane på. Oleksandra når du på tlf 46570183, medan Tetiana har tlf 48649640