Kommunestyremøte i Bykle torsdag 22. oktober
Dei folkevalde i Bykle kommune samlar seg i kommunestyresalen torsdag 22. oktober klokka 17.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 20.10.2026 13:29
Sist endra 20.10.2026 13:29
Det er kommunestyremøte i Bykle torsdag 22. oktober klokka 17. Her frå eit møte tidlegare i år.
Ole Birger Lien
Før ein tar til på dei politiske sakene blir det ein presentasjon av forstudie om kraftsenter ved Monica Sølyst, Birgith Reinskås Lunden frå Høgde med fleire.
Frå sosial beredskap til trafikktryggleiksplan
Av saker kommunestyret får på bordet kan ein nemne alt frå godkjenning av plan for helsemessig og sosial beredskap til høyringssvar: Handlingsplan 2026-2030 for immateriell kulturarv i Setesdalsregionen og fastsetting av planprogram, trafikktryggleiksplan 2027-2031.
Møtet blir som alltid streama - her er lenke til overføringa
Her er lenke til innkallinga med saksliste