Kommunestyremøte i Bykle torsdag 24. september
Dei folkevalde i Bykle samlar seg i kommunestyresalen torsdag 24. september klokka 17.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 22.09.2026 10:18
Sist endra 22.09.2026 10:18
Det er kommunestyremøte i Bykle torsdag 24. september klokka 17. Her frå møtet i april.
Ole Birger Lien
Før handsaming av dei politiske sakene blir det orienteringar frå flyktingtenesta ved kommunalsjef Trine Lise Enersen og frå Markedsrådet. Blant dei politiske sakene som kjem på bordet kan ein nemne alt frå godkjenning av plan for helsemessig og sosial beredskap til strategi for bustadpolitikk og høyring - skule- og tilbodsstruktur for vidaregåande skular i Agder 2027/2028 2030/2031.
Møtet blir som alltid streama - her er lenka
Her er lenke til innkalling og saksliste