Kommunestyremøte i Bykle torsdag 30. maiLytt til tekstenStopp avspillingDet blir både orienteringar og ordinære politiske saker til kommunestyremøtet i Bykle torsdag 30. mai. Publisert av Ole Birger Lien Publisert 28.05.2024 10:48 Sist endra 28.05.2024 10:48 Det er kommunestyremøte i Bykle torsdag 30. mai. Her frå møtet i mars i år. Ole Birger Lien Før dei folkevalde tar til med politiske saker blir det ei orientering frå Midt-Agder friluftsråd. Det blir også orientering om Bykle bygdeheim ved Geir Skjevrak.KommunerekneskapenAv ordinære saker til møtet er mellom anna godkjenning av kommunerekneskapen for 2023 og budsjettrevisjon 2 i 2024. Budsjettjustering for 2024 for Setesdal brannvesen IKS er ei eiga sak, og dei folkevalde skal drøfte arkiv- og museumsstrukturen i Agder - høyring. Av andre saker kan ein nemne bruk av vatn frå kommunale vassverk til industri, forenkla gang- og sykkelveg i Byklebakkane og tildeling av kulturmidlar. Blir streamaFor den som vil ha møtet med seg men ikkje kan vere til stades er Valle radio klar med streaming.HER er lenka til overføringa.