Kommunestyremøte i samarbeidets ånd i Bykle!

Under sist kommunestyremøte i Bykle var drøftingar og handsaming så prega av samarbeid over partigrensene at det vanka blomar på “alle” i slutten av møtet!

Åsmund Hoslemo var synleg nøgd med blomar frå ordføraren! - Klikk for stort bileteÅsmund Hoslemo var synleg nøgd med blomar frå ordføraren!

Ordførar Hans Blattmann “gjekk bananas” med bukettane enkelt og greitt fordi det i kommunestyret øvst i dalen er eit så godt samarbeid at resultata av konstruktiv deltaking verkeleg byrjar å vise seg. 

Positivt over heile lina

Ordføraren var difor svært raus med blomar og godord i kommunestyresalen.  Åsmund Hoslemo fekk ein flott kvast, og ordføraren sjølv fekk ein bukett av Steinar Haugen. Også kommunedirektør Karina Sloth, som rettleier både posisjon og opposisjon med stødig hand, kunne ta med seg angande blomar heim. Ein ordførar i storform fekk, i alle fall slik det såg ut, vel så mykje glede av å dele ut blomar som av å få dei. Låtten sat laust i salen i det som vart ei flott avslutning på det siste møtet før påska.

Ordførar Hans Blattmann (t.v.) med blomar til Steinar Haugen. - Klikk for stort bileteOrdførar Hans Blattmann (t.v.) fekk blomar av Steinar Haugen.