Kommunestyret sa ja til nytt sentrumsbygg i Bykle

Eit fleirtal i Bykle kommunestyre vedtok sist veke å setje i gang bygginga av eit nytt sentrumsbygg i Bykle sentrum. Prosjektet får ei samla investeringsramme på inntil 40,1 millionar kroner og blir eitt av dei største utviklingsprosjekta i kommunen dei komande åra. Dette var ei av mange saker som vart handsama av dei folkevalde torsdag 22. oktober.

Frå kommunestyremøtet i Bykle sist veke. Ole Birger Lien

Det nye bygget skal reisast på tomta til den tidlegare YX-stasjonen og skal danne eit nytt tyngdepunkt i sentrum. Her kjem ny Coop-butikk, lokale for lokalmatutsal og ein sosial møteplass som også skal fungere som venterom for bussreisande. Samstundes skal området rundt utviklast med nye møteplassar, busshaldeplass, parkeringsplassar, ladestasjonar for elbilar og drivstoffanlegg. Prosjektet har vore under planlegging over lengre tid og er forankra i kommuneplanen sin samfunnsdel, der utvikling av Bykle kyrkjebygd er peika ut som eitt av dei viktigaste satsingsområda fram mot 2036. Målet er å skape eit meir levande sentrum gjennom handel, aktivitet og gode møteplassar.

34,6 mill. kr.

Den samla prosjektkostnaden er berekna til om lag 34,6 millionar kroner eksklusiv tidlegare løyvde midlar, medan investeringsramma kommunen no har vedteke er på 40,1 millionar kroner inkludert meirverdiavgift og reserve for uventa kostnader. Av dette utgjer sjølve næringsbygget om lag 22,3 millionar kroner, medan infrastruktur og uteområde er kalkulerte til rundt 12,3 millionar kroner. Kommunen har brukt om lag 2,6 millionar kroner på førebuande arbeid. Dette omfattar mellom anna riving av eksisterande bygg, prosjektering og arkitekttenester. Desse kostnadene er inkluderte i den samla ramma og kjem ikkje i tillegg. Samtidig vedtok kommunestyret å kjøpe dagens Coop-butikk for 3,5 millionar kroner pluss omkostningar. Kjøpet kjem utanom investeringsramma for sjølve sentrumsbygget.

Bustadane vart tekne ut

Då prosjektet vart lagt fram tidlegare i år, inneheldt planane seks nye leilegheiter i andre etasje. Etter at entreprenøren la fram nye kostnadsoverslag med ei samla prosjektramme på over 70 millionar kroner, valde kommunestyret å ta bustaddelen ut av prosjektet. Administrasjonen vurderte då at bustadene ville bli for kostbare samanlikna med forventa marknadsverdi. Det reduserte prosjektet med fleire titals millionar kroner og gjorde det mogleg å halde fram med nærings- og sentrumsdelen av planane.

Skal vere eit stadsutviklingsprosjekt

Kommunedirektøren understrekar at sentrumsbygget ikkje er meint som eit prosjekt som skal gje økonomisk overskot. I saksutgreiinga blir det peika på at prosjektet fyrst og fremst er eit stadsutviklingsprosjekt som skal bidra til å styrkje Bykle sentrum som handelsstad, møteplass og knutepunkt for lokalsamfunnet. Coop skal vere hovudleigetakar i bygget. Leigeavtalen er basert på tre prosent av butikkomsetninga, med ei minimumsleige på 350.000 kroner årleg. Kommunen legg til grunn at leigeinntektene frå Coop truleg vil liggje på om lag 450.000 kroner i året, i tillegg til inntekter frå lokalmatutsalet.

Dersom framdrifta går som planlagt, kan kontrakten med entreprenøren signerast i løpet av hausten og byggjearbeidet starte før årsskiftet. Målet er at det nye sentrumsbygget skal stå ferdig hausten 2027.

Her er lenke til protokollen frå kommunestyremøtet

Basis Arkitekter AS