Kommunestyret sa ja til trafikalt grunnkurs til ungdomsskuleelevar i Bykle kommuneLytt til tekstenStopp avspillingUnder sist kommunestyremøte i Bykle slutta dei folkevalde seg til eit framlegg frå kommunedirektøren om å tilby trafikalt grunnkurs til elevar ved Bykle barne- og ungdomsskule som har fylt 15 år. Satsinga skal med i budsjettet for 2025. Publisert av Ole Birger Lien Publisert 07.05.2024 09:39 Sist endra 24.04.2025 09:38 Frå sist kommunestyremøte i Bykle. Eivind Ilje Tveit Under møtet kom det i orienteringane fram at Brynje-prosjektet har fått 500.000 kr. i støtte frå Agder fylkeskommune. Ikkje nok med det. Kraftopplevingssenteret i Bykle som er i forprosjektstadiet, har fått 350.000 kr. Også dette frå fylkeskommunen.ArbeidsgjevarstrategiKommunestyret vedtok ny arbeidsgjevarstrategi for Bykle kommune fram mot 2030 på møtet. Prosjektet “Setesdal - den levande arven”, ein dokumentarserie som utforskar og dokumenterer den imaterielle kulturarven, får 200.000 kr. i tilskot frå Bykle kommune. Også ein samarbeidsavtale med Nullvisjonen Agder vart vedteken i Bykle kommunestyre.