Kondolanseprotokoll i Bykle rådhus like til gravferda onsdag 9. september
I samband med bortgangen til Kong Harald V vart det sist fredag lagt ut kondolanseprotokoll i Bykle rådhus.Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene kvardagar mellom klokka 09-14. Protokollen blir liggande ute heilt til gravferda.
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 03.09.2026 11:12
Sist endra 03.09.2026 11:12
Bykle kommune
Det vart også flagga på halv stong frå alle offentlege bygg i kommunen frå dagen meldinga om bortgangen kom. Dette held fram til kongen si gravferd er over. Med tanke på planlagte arrangement elles er det meininga at det som handlar om og for born og unge skal gjennomførast så normalt som råd - men at ein ved arrangement elles må ta ei vurdering på om det høver seg å gjennomføre i sørgeperioden. Regjeringa har utarbeidd ein rettleiar til hjelp for arrangørar.
Her finn du rettleiaren