Kondolanseprotokoll lagt ut i Bykle rådhus

I samband med bortgangen til Kong Harald V er det no lagt ut kondolanseprotokoll i Bykle rådhus.Protokollen er tilgjengeleg i opningstidene kvardagar mellom klokka 09-14. Protokollen blir liggande ute heilt til gravferda.

Bykle kommune

Med meldinga om Kongens bortgang går Noreg inn i ein 10 dagar lang sørgeperiode. Dette vil naturleg nok prege samfunnsbiletet. Det blir i dag og fram til kongen si gravferd flagga på halv stong frå alle offentlege bygg. Klokka 12-13 i dag ringer kyrkjeklokkene i heile landet. 

Opne kyrkjer

I dag er både Bykle kyrkje og Fjellgardane kyrkje opne frå klokka 12-18. I morgon laurdag er dei opne 12-16. Resten av perioden er det ope i Fjellgardane kyrkje kvar dag fram til gravferda klokka 15-17 på vekedagar og 12-14 laurdag. Båe kyrkjene har kondolanseprotokoll.  Alle kyrkjelege arrangement går føre seg som planlagt.

Så normalt som råd for born og unge

Med tanke på planlagte arrangement elles er det meininga at det som handlar om og for born og unge skal gjennomførast så normalt som råd - men at ein ved arrangement elles må ta ei vurdering på om det høver seg å gjennomføre i sørgeperioden. Regjeringa har utarbeidd ein rettleiar til hjelp for arrangørar. 

Her finn du rettleiaren

Skular og barnehagar er opne også i sørgeperioden.