Kong Harald V til minne

Det var med stor sorg me i dag mottok meldinga om at vår kjære Konge har gått bort. 

Det Kongelige Hoff

Våre varmaste tankar går no til dronning Sonja og resten av kongefamilien i denne tunge stunda.

Kong Harald har gjennom sitt virke vore ein samlande konge. Han har vore oppteken av å vere konge for alle, inkludering og mangfald har stått sentralt. 

Gjennom hans utallige besøk i norske kommunar, har veldig mange fått eit nærast familiært forhold til kongen vår. Hans evne til å møte folk, uhøgtideleg og med god sans for humor, har gjort han til den folkekongen han har blitt. Ikkje minst måten han tok over stafettpinnen etter nok ein elska folkekonge, hans far Kong Olav V, har imponert ein heil nasjon.

Noreg står i djup takksemd og respekt ved tanken på livet og gjerninga til kong Harald. Gjennom fleire tiår har han vore eit samlande symbol for landet vårt, ein konge som har møtt folket med varme, verdigheit og eit ekte engasjement for menneska rundt seg.

Kong Harald vart fødd i 1937 og vart konge i 1991 etter kong Olav V. Gjennom ei historisk lang regjeringstid har han leia monarkiet inn i ei ny tid, samstundes som han har halde fast ved dei verdiane som har vore berebjelken i det norske samfunnet: tillit, fellesskap og respekt for kvarandre.

For mange nordmenn har kong Harald vore meir enn eit statsoverhovud. Han har vore ei trygg røyst i både glede og sorg, i nasjonale feiringar og i tunge tider. Orda hans har ofte samla landet når vi har hatt mest behov for det. Med sitt lune vesen, sin humor og si menneskelege tilnærming vann han respekt langt utover landets grenser.

Vi vil òg minnast den store kjærleiken mellom kong Harald og dronning Sonja, ei historie som har vist kor viktig det er å stå opp for det ein trur på. Saman har dei representert kontinuitet, styrke og nærleik til folket.

I dag takkar vi kong Harald for alt han har gjeve landet. Vi takkar for tenesta, for klokskapen og for den urokkelige plikta han har vist gjennom eit langt liv i Noregs teneste. Minnet om kongen vil leve vidare i hjarta til folket.

Samstundes vender vi blikket framover. Vi ønskjer den nye kongen, Hans Majestet kong Haakon, all mogleg lukke og visdom i den viktige gjerninga som no ventar. Må han føre arven vidare med same omsorg for folket og same kjærleik til landet som vi har opplevd gjennom kong Harald si tid på trona. 

 

Bykle kommune lyser fred over kongens minne.

Hans Blattmann

Ordførar