Kring 400 born i Noreg ventar på plass i ein fosterheim!
Fosterheimstenesta i Bufetat har i samband med fotball-VM, som no er i gang, lansert ein kampanje for å rette fokus mot behovet for fosterheimar. I Noreg i dag ventar over 400 born på ein plass i fosterheim!
Publisert av Ole Birger Lien
Publisert 12.06.2026 10:06
Sist endra 12.06.2026 10:06

Under mottoet “Alle born treng ein trygg heimebane” peikar Bufetat på eit skrikande behov, eit behov som diverre ikkje ser ut til å forsvinne med det første. Det er eit aukande behov for fosterheimar i Noreg i 2026. Fleire barn enn tidlegare treng trygge omsorgstilbod utanfor eiga familie, mellom anna på grunn av omsorgssvikt, psykiske utfordringar eller rus i heimen. Barnevernet har over lengre tid meldt om mangel på eigna fosterheimar, spesielt for eldre barn, søskenflokkar og barn med særskilde behov. Samstundes har det vorte meir krevjande å rekruttere og halde på fosterforeldre. Dette gjer at mange barn må vente lenge på eit stabilt og tilpassa fosterheimstilbod, noko som understrekar behovet for fleire gode fosterheimar i åra framover.
Aukande behov
I Noreg bur over 9000 born og unge i fosterheim eller beredskapsheim. 7600 av dei er under 18 år. Ni av 10 born som er plasserte utanfor heimen sin bur i fosterheim. I dag manglar altså kring 400 born fosterheimsplass.
– Det er eit stort og aukande behov, difor håpar eg at folk også her i dalen vil vurdere om dette kan vere noko. Fosterheimar får tett oppfylgjing, så dette er ikkje noko ein skal handtere på eiga hand, seier leiar i Setesdal barnevern, Hedda Helene Schaanning.
Sjå meir og legg inn kontaktinfo her: Fosterheimstenesta i Agder, Vestfolk, Telemark og Buskerud - Bufdir
bufdir.no/fosterhjem: telefonnummer: 466 18 018