Landskappleiken treng fleire friviljuge!

Det er snart duka for Landskappleiken på Hovden - men arrangementet treng fleire friviljuge. Spesielt til opprigginga no førstkomande fredag 19. juni treng ein fleire, minst 20 personar.

Det er første gongen Landskappleiken blir lagt til Setesdal, og Setesdal Spelemannslag er arrangør. Det er mange oppgåver som må gjerast for å gjennomføre eit slikt arrangement, der det er nærerare 900 påmelde til tevlingane og opp mot 7000 besøkande er venta til saman over fire dagar. 

Riggehjelp til helga

Oppgåver som er aktuelle for frivillige er alt frå rydding til vakthald, rigging av scene, hjelpe til med å rigge campingplassar og arenaer, lage aktivitetar for born og unge, og mykje meir.

Landskappleiken har spesielt behov for riggehjelp no til helga, med oppstart av arbeidet kl 09 fredag 19. juni.

Her finn du alt av informasjon og høve til å melde deg.